Stortingskandidat

Lene Vågslid

Hei! Eg heiter Lene Vågslid, er 34 år frå Dalen og stiller til val på stortingslisten til Vestfold og Telemark Arbeiderparti - valgkrets Telemark. Eg er utdanna faglærar i praktiske og estetiske fag, og har også eit årstudium i barnevernspedagogikk. Eg bur i lag med Arild, som eg har ei dotter på snart 5 år i lag med, samt to bonusbarn på 9 og 13 år. Representerer i dag Telemark på Stortinget og leder også Justiskomiteen.

Lene Vågslid

Mi kampsak har alltid vore kampen mot urettferdighet, og for at alle skal kunne ha like rettar og muligheiter uansett kven du er, kvar du kjem frå og uavhengig størrelsen på lommeboka.

Ein lidenskap eg har i tillegg til politikken er musikk. Eg elskar å slappe av med gitaren og song, med piano eller bare å lytte til mine favorittar på Spotify. Det er særleg moro om ein kan «jamme» i lag med andre! Om eg ikkje driv med politikk, barn eller er i sosiale lag med venner, likar eg å lage mat. Søke etter spanande oppskrifter frå heile verda og gjerne servere til venner på besøk eller familien min. Nokon gonger blir det godt, andre gonger ikkje. Så mykje glede i mat og musikk! Det kan også hende at eg tek fram staffeli, pensel og måling, men det kan ikkje visast fram til så mange. Mest for egen glede enn andres. 

Å drive med politikk er ikkje eit enkelmannsføretak, men lagarbeid. Eg føler meg svært privilegert som har fått vore ein del av landslaget i politikk for Arbeiderpartiet på Stortinget i 10 år. Før det hadde eg 4 år i fylkespolitikken. Dei siste 4 åra har eg vore og er framleis leiar for Justiskomiteen på Stortinget og Arbeiderpartiets justispolitiske talsperson. Trygghet og rettferdighet er rettesnora i vårt arbeid. Loven skal vere lik for alle, og den lokale beredskapen skal vere like god om du bur i by eller bygd og ofre for kriminalitet skal ikkje stå i uverdige køar mens kriminelle får strafferabatt. Etter 8 år med Høgregjering er det ein lang veg til trygghet og rettferdighet for alle.

Det bekymrar meg at forskjellane aukar mellom folk i Norge, også mellom by og land. Eg vil at alle skal kunne leve gode liv om dei bur i by eller bygd, og ha lik rett på både tenestar og trygghet.Me har nå A- og B-lag i samfunnet, skapt av ein høgrepolitikk som ikkje tener oss som trur på eit samfunn der alle skal med. Saman med fagbevegelsen er Ap den sterkaste krafta for ein sterkare velferdsstat, og eit meir rettferdig Norge. 

Telemark er mitt valdristrikt, og mitt kjære gamle fylke. For mange er dette området Norge i miniatyr, og me har store muligheiter og utfordringar. Telemark er industri, Telemark er kultur, Telemark er landbruk og verdiskaping! Sentralisering og urbanisering utfordrar oss og me treng ein politikk for ein ny kurs i distriktspolitikken, næringspolitikken og me treng ein meir aktiv stat. Staten må komme nærmare folk, og verdiskapinga må skje over heile vårt fine Telemark. Det brenn eg for!

  • Elsker å lage mat, særlig nye oppskrifter med eksotiske ingredienser. 

  • Glad i å synge og spille gitar!

  • Veldig glad i å danse swing :)